Forskingstema 1.3:
Restaurering: moglegheiter og avgrensingar i berekraftig arealbruk
Arbeidet skal styrkje berekraftig arealbruk og bidra til velfungerande økosystem gjennom kunnskapsbasert naturrestaurering. I dag blir det investert betydelege ressursar i restaurering av mellom anna myr, skog og kulturlandskap. Samstundes veit vi framleis for lite om kor godt restaureringstiltaka verkar over tid. Ei viktig årsak er mangelfull overvaking og evaluering. Det er derfor behov for betre metodar for å vurdere om restaureringa faktisk fører til dei ønska resultata.
Arbeidet byggjer vidare på den lovande ORBA-metoden, som gjer det mogleg å vurdere sannsynet for vellukka restaurering tidleg i restaureringsprosessen. Vi vil også utvikle konkrete anbefalingar for korleis restaureringsprosjekt kan overvakast og evaluerast, og korleis ein kan sikre at restaurering tek omsyn til både økologiske og samfunnsmessige forhold.
Metodar: Arbeidet vil kombinere vegetasjonskartlegging og feltundersøkingar, analysar av eksisterande, langsiktige vegetasjonsdatasett, litteraturstudiar og intervju med relevante aktørar.
Oppgåver
Utvikle betre metodar for å vurdere restaureringssuksess: Vi skal analysere eksisterande langtidsdatasett for å undersøkje korleis ulike eigenskapar ved datagrunnlaget påverkar vurderinga av restaureringssuksess. Vi skal også undersøkje om resultat på lang sikt kan føreseiast ut frå observasjonar som blir gjorde tidleg i restaureringsprosessen.
Ta i bruk forenkla kriterium for overvaking: Vi skal utvikle og teste ein forenkla versjon av overvakingskriteria og integrere desse i eksisterande program for overvaking av restaureringstiltak.
Identifisere tiltak som aukar sjansen for vellukka restaurering: Vi skal undersøkje metodar og tilnærmingar som kan auke sannsynet for at restaureringsprosjekt når dei økologiske måla sine.
Utarbeide anbefalingar for restaureringsarbeid: Med utgangspunkt i resultata skal vi utvikle anbefalingar for: overvaking av restaureringsprosjekt, forbetring av restaureringsmetodar, og korleis ein gjennom forbetra planlegging og prosessar i utbyggingsprosjekt kan minske skadane på natur, noko som i neste omgang kan styrke den samfunnsmessige legitimiteten.
Formidle kunnskap og resultat: Resultata skal formidlast gjennom ein vitskapleg rapport, fire vitskaplege artiklar og ein populærvitskapleg artikkel.
-

Inger Auestad
Ansvarleg, HVL
-

Katrina Rønningen
Ruralis
Forskingsresultat
Rapportar, vitskaplege artiklar o.l. er venta i 2027.