Landfutures skal vere ein hub for forsking på gjennomgripande samfunnsendringar i måten vi brukar natur og areal på.
Landfutures er utforma på bakgrunn av rammeverket «dei tre sfærane for transformasjon» (O'Brien og Sygna 2013), der både praktiske, politiske og personlege dimensjonar av endring vert sett i samanheng. Dei fire forskingsområda i Landfutures er utforma for å jobbe heilskapleg med berekraftig arealbruk.
Forskingsprinsipp
-
Vi vil trekke inn regionale og lokale aktørar innan arealplanlegging i å identifisere utfordringar og utforme løysingar for berekraftig arealbruk, inkludert statsforvaltarar, fylkeskommunar, kommunar, eigedomsutviklarar, produsentar av fornybar energi, reiselivsaktørar, grunneigarar og innbyggarar.
-
Vi vil sjå dei store utfordringane og samfunnsmåla knytte til berekraftig arealbruk i samanheng. Det inneber å ta vare på biologisk mangfald, stanse klimaendringane, arbeide for berekraftig hausting av naturressursar og sikre menneskeleg velferd.
-
Vi vil jobbe ut frå ei anerkjenning av behovet for omsorg i relasjonen mellom menneske og natur, og mellom menneske, og utforske korleis relasjonelle omsorgsforståingar kan bidra til berekraftig arealbruk.
-
Vi vil rette merksemda mot dei underliggande årsakene til arealbruk som ikkje er berekraftig og støtte grunnleggande endringar i praktiske, politiske og personlege sider ved arealbruk – inkludert måten vi forstår arealbruk på og korleis vi planlegg og gjennomfører endringar i bruk av areal.