Forskingsområde 1:
Kunnskap og verdssyn
Innafor dette forskingsområdet vil vi utforske korleis vi kan bruke ulike kunnskapssystem for å forstå og engasjere oss i berekraftig arealbruk, med vekt på kva verdiar som blir tillagde naturen. Vi ser på kunnskapssystem som finst innan vitskap, i tradisjonelle samanhengar, lokalt og blant urfolk.
Vi vil få fram korleis ulike aktørar som er involverte i spørsmål om arealbruk, tek i bruk ulike typar kunnskap for å definere berekraftig arealbruk, og ser på om og korleis dei vurderer rettferd i arealbruken. Aktørane kan vere planleggjarar, forskarar, lærarar, urfolk, lokale innbyggarar, avgjerdstakarar og industriaktørar.
Vi ser på korleis kunnskap og verdssyn kan verke inn på tiltak for å restaurere eller gjenopprette natur etter arealinngrep. Vi vil finne fram til vegar for samordning og brubygging mellom ulike kunnskapsgrunnlag.
Mål
Utvikle ny kunnskap om sentrale utfordringar og løysingar knytte til berekraftig arealbruk som grunnlag for forskinga og aktivitetane i dei andre forskingsområda.
Undersøkje korleis ulike kunnskapssystem og perspektiv forstår berekraftig arealbruk og naturverdiar, peike på likskapar og skilnader, og finne måtar å byggje bru mellom dei på.
Vise korleis ulike kunnskapssystem påverkar planlegging, undervisning og forvaltning av areal, og korleis betre samspel mellom desse kan bidra til ei berekraftig omstilling av arealbruken.
Tema
Dette forskingsområdet har følgjande tema:
-

Inger Auestad
Koordinator, HVL
Forskingsresultat
Rapportar, vitskaplege artiklar o.l. er venta i 2027.