Two women walking in a tall grown opening in a forest

Vi gjer deg i stand til å ta val om berekraftig arealbruk

Landfutures er eit nasjonalt forskingssenter med mål om å fremme berekraftig arealbruk gjennom transformativ forsking og praksis.

Senteret er leia av Vestlandsforsking og har fått tildelt finansiering fram til 2034.

Landfutures spør:

  • Kva er dei underliggande årsakene til naturforringelse og tap av natur, og kva er dei viktigaste barrierane for berekraftig arealbruk?

  • Korleis kan transformasjon mot berekraftig arealbruk forståast i eit sektorovergripande perspektiv – teoretisk, metodologisk og praktisk?

  • Kva for rolle spelar makt og maktforhold i transformative strategiar og tilnærmingar for å overvinne barrierar for berekraftig arealbruk?

Landfutures vil:

  • Avdekke underliggande årsaker til arealbruk som ikkje er berekraftig

  • Utvikle ei sektorovergripande forståing av berekraftig arealbruk i teori og praksis

  • Støtte lokale og regionale aktørar i å samarbeide om dilemma og konfliktar knytte til arealbruk, via dialog og utvikling av felles løysingar

  • Utvikle og fremme metodar og tilnærmingar som styrkar effekten av økologiske restaureringstiltak for gjenoppretting av degradert natur

  • Samskape og distribuere kart og verktøy som kan brukast som grunnlag for avgjerder om berekraftig arealbruk lokalt og regionalt

  • Gje politisk relevante råd til nasjonale myndigheiter