Forskingstema 1.2:

Kart og verktøy for naturrisiko: Slik hjelper vi kommunane med å ta vare på naturen

Når vi bygger ut vegar, bustader eller næringsområde, endrar vi naturen. Men korleis påverkar dagens arealutbygging naturmangfaldet på sikt, og kva risiko utgjer tap av natur for lokalsamfunnet? For å ta gode og berekraftige val i arealplanlegginga og forvaltning av areala treng kommunar, rådgjevarar, og beslutningstakarar konkrete verktøy. I dette prosjektet utviklar vi ein metodikk og eit kartbasert verktøy som gjer det enklare å analysere og forstå naturrisiko i lokal og regional planlegging.

I prosjektet byggjer vi vidare på kjende rammeverk for klimarisiko, der vi ser på kva natur som er utsett, kva trugslar som finst, og kor sårbar naturen og samfunnet er.

  • Kart- og indikatorbasert verktøy: Vi samlar data og utviklar indikatorar som viser naturrisiko i eit digitalt kartverktøy. Dette gjer det mogleg for kommunar å visualisere og kople naturrisiko direkte til sine areal- og naturrekneskap.

  • Framtidsscenario for naturen: Ein viktig del av arbeidet er å utvikle gode indikatorar for fare-dimensjonen – det vil seie å analysere og kartlegge korleis planlagd arealbruk vil påverke biologisk mangfald og økosystem over tid.

  • Samskaping med brukarane: Vi utviklar og testar verktøyet i tett samarbeid med dei som faktisk skal bruke det – som kommunale og regionale planleggjarar, utbyggjarar og rådgjevingsselskap.

Målet er å gi arealforvaltninga eit praktisk styringsverktøy. Ved å integrere kunnskap om naturrisiko tidleg i planprosessar, ligg forholda betre til rette for å redusere nedbygging av sårbar natur og sikre ei meir berekraftig arealforvaltning i heile landet.

  • Carlo Aall

    Ansvarleg, Vestlandsforsking

  • Ingrid Aarnes

    Norsk regnesentral


Forskingsresultat

Rapportar, vitskaplege artiklar o.l. er venta i 2027.

Nyhende

Oppsummeringsblokk
Denne blokken har ikke noe innhold. Varene du legger til på siden som er koblet til blokken, vises her.