Forskingstema 1.4:

Utdanning for berekraftig arealbruk

Dette arbeidet har som mål å byggje kompetanse for berekraftig arealbruk. Vi har eit todelt fokus. Den største delen av arbeidet rettar seg mot formell, profesjonsretta utdanning av framtidige planleggarar. Vi vil integrere ulike former for kunnskap, erfaring og kompetanse for å imøtekomme kompetansebehov i planleggingspraksis. Men utdanning og læring skjer også i stor grad uformelt, og ein mindre del av arbeidet rettar seg derfor mot metodar og arenaer for overføring av verdiar, ferdigheiter og lokal kunnskap mellom generasjonar i lokalsamfunn. Målet for begge delane av arbeidet er å styrkje og akselerere omstillinga mot meir berekraftig arealbruk, og arbeidet vil aktivt trekkje på innsikter frå heile LANDFUTURES-senteret.

Dette arbeidet omfattar utvikling av undervisningsmodular om planlegging for berekraftig arealbruk innanfor eksisterande utdanningstilbod. Vi skal også følgje gode eksempel som fremjar læring på tvers av generasjonar og samskaping av kunnskap om berekraftig arealbruk. Modulane og kursa skal evaluerast og vidareutviklast, og arbeidet vil dessutan omfatte rettleiing av bachelor- og masteroppgåver og formidling gjennom vitskaplege artiklar og faglege råd til styresmakter.

  • Marte Lange Vik

    Ansvarleg, HVL

  • Salina Spiering

    Nordlandsforskning

  • Mari Hanssen Korsbrekke

    Vestlandsforsking


Forskingsresultat

Rapportar, vitskaplege artiklar o.l. er venta i 2027.

Nyhende

Oppsummeringsblokk
Denne blokken har ikke noe innhold. Varene du legger til på siden som er koblet til blokken, vises her.