Webinar 23. oktober: Korleis verkar kommunanes inntektssystem inn på berekraftig arealutvikling?

Kor får kommunane inntektene sine frå, og korleis påverkar det arealutviklinga? Landfutures held sitt første webinar fredag 23. oktober. Der møter du Aud Tennøy, erfaren arealforskar og byplanleggar, og Ellen Schjølberg - varaordførar og styreleiar i nasjonalparkkommuner.

Aud Tennøy frå Transportøkonomisk institutt skisserer kor kommunane får inntektene sine frå og korleis det kan påvirke arealutviklinga. Deretter tek Ellen Schjølberg i Norges nasjonalparkkommuner. for seg eit forslag til statleg kompensasjon til kommunar med nasjonalparkar og andre verneområde. Etter innlegga opnar vi for diskusjon.

Webinaret er knytt til forskingstemaet insentiv, motivasjonar og rasjonale for avgjerder om ikkje-berekraftig arealutvikling (2.2.). I diskusjonane er det eit tilbakevendande tema at dagens inntektssystem bidreg til at kommunar gjer vedtak om arealutvikling som fører i feil retning, vekk frå berekraftig utvikling. Mange argumenterer med at kommunane vil tene på å gje grønt lys for prosjekt naturen tapar på, anten det gjeld bustader, hytter eller fornybar energi. Samtidig manglar kommunane gulrøter for å velje det motsette og avslå utbyggarane sine ønske av omsyn til natur, miljø og klima. Landfutures vil kaste lys over ulike sider ved problemstillinga gjennom ein seminarserie der partnarane i senteret får bidra med kunnskap, erfaring og synspunkt. Målet er ei klarere forståing av dagens situasjon og kva endringar som kunne bøte på problemet.

Byplanleggar og forskar

Aud Tennøy har lang fartstid som forskar og forskingsleiara ved TØI i Oslo. Ho har i alle åra som forskar jobba med planlegging og utvikling av byar og med transportsystem i byområde. Ho har vore oppteken av korleis arealutviklinga i desse områda verkar inn på miljø og samfunn, om prosessar knytt til planlegging og avgjerdstaking og av korleis ein brukar kunnskap, analysar og metodar i desse prosessane.

I Landfutures tek ho særleg med seg to faglege interesser: korleis dei ulike aktørane sine målsettingar, kunnskap og makt påverkar arealplanlegging og planar. Den andre gjeld korleis vi brukar kunnskap i prosessar knytt til planprosessar. Aud har sett kritisk på metodebruk, mellom anna i konsekvensanalysar og plananalysar generelt.

Styreleiar i Norges nasjonalparkkommuner, Ellen Schjølberg, er varaordførar på Kvigtind, det høgste fjellet i Børgefjell nasjonalpark. Foto: Are Halse

Kom for å bygge flyplass

Ellen Schjølberg er ordførar i Grane kommune og har vore styreleiar i interesse- og nettverksorgasnisasjonen Norges nasjonalparkkommuner (NKPL) sidan 2023. Ho er utdanna sivilingeniør innan bygg og anlegg og leidde i si tid arbeidet med å bygge flyplassane på Værøy, Røst og i Mosjøen. Utbygginga i Mosjøen var grunnen til at ho flytta nordover til Trofors i 1986.

Ellen engasjerte seg seinare politisk gjennom Senterpartiet og vart i 2019 vald til ordførar i Grane kommune. I noverande periode er ho varaordførar.

Ein tredel av arealet verna

Kommunen Schjølberg er med på å styre, har to nasjonalparkar. Dei ligg på kvar si side av E6, med Børgefjell i aust og Lomsdal-Visten i vest. Schjølberg kom i kontakt med Norges nasjonalparkkommuner gjennom næringsutvikling i det kommunale eigedommselskapet. I Grane er 34 av arealet vernet, inkludert Vefsna-vassdraget. Tek ein med føreslått skogvern, blir så mykje som 36 prosent av kommunens areal verna. Kommunen har vore medlem i NPKL sidan foreininga vart oppretta.

I arbeidet med næringsutvikling ivra Schjølberg for å utvikle kommunen basert på naturkvalitetane framfor å berre konservere, fortalde ho i eit intervju i samband med at ho gjekk inn i rolla som styreleiar i NKPL for tre år sidan. Ho understreka då at ho ønskte å bruke statusen som nasjonalparkkommune til noko meir, og særleg å bidra til at barn og vaksne i Grane kunne identifisere seg med parkane og bidra til å ta vare på naturen der. ”Vi tek vare på sårbar natur ved å bruke parkane innanfor dei rammene som er sette. Kommersiell aktivitet kan primært skje i randsona, utanfor parken, men ikkje i nasjonalparkkane”, sa Ellen i intervjuet.

Fire ting vi må slutte med

Aud Tennøy, som innleier webinaret 23. oktober, er ein forskar som snakkar i klartekst. I eit ekspertintervju i Energi og klima i 2024, lista ho opp tre ting vi bør slutte med i Norge viss vi verkeleg ønskjer å nå måla vi har forplikta oss til gjennom internasjonale avtalar: bygge nye motorvegar, tillate bysprediing, særleg i område som er grøne i dag, legge statlege verksemder til feil stad og bygge hytter og fritidseigedommar.

Om hyttebygginga ordla ho seg slik: “Dette kan ikke fortsette. Så hvordan stoppe det? Her tror jeg vi må inn med sterkere statlig og regional styring og si: Nå er det slutt. Dette får dere ikke lov til”.

Tennøy anerkjenner skvisen særleg små distriktskommunar står i, men ønskjer sterkare statleg overstyring og lydhøyrheit for fagfolk, reett og slett fordi det er urealistisk at folkevalde med tunge verv og fulltidsjobbar skal få overblikk over korleis vedtaka deira kan slå ut. “Det er viktig å se utenfor sin egen bygd, kommune eller region, for å forstå konsekvensene av summen av mange beslutninger, for eksempel når det gjelder hyttebygging”, sa Tennøy.


Velkommen til webinar 23.10.2026 kl. 9-10

Les meir og meld deg på her


Neste
Neste

Seksti samla til oppstart