Vi gjer deg i stand til å ta val om berekraftig arealbruk
Landfutures er eit nasjonalt forskingssenter med mål om å fremme berekraftig arealbruk gjennom transformativ forsking og praksis.
Senteret er leia av Vestlandsforsking og har fått tildelt finansiering fram til 2034.
Landfutures spør:
Kva er dei underliggande årsakene til naturforringelse og tap av natur, og kva er dei viktigaste barrierane for berekraftig arealbruk?
Korleis kan transformasjon mot berekraftig arealbruk forståast i eit sektorovergripande perspektiv – teoretisk, metodologisk og praktisk?
Kva for rolle spelar makt og maktforhold i transformative strategiar og tilnærmingar for å overvinne barrierar for berekraftig arealbruk?
Landfutures vil:
Avdekke underliggande årsaker til arealbruk som ikkje er berekraftig
Utvikle ei sektorovergripande forståing av berekraftig arealbruk i teori og praksis
Støtte lokale og regionale aktørar i å samarbeide om dilemma og konfliktar knytte til arealbruk, via dialog og utvikling av felles løysingar
Utvikle og fremme metodar og tilnærmingar som styrkar effekten av økologiske restaureringstiltak for gjenoppretting av degradert natur
Samskape og distribuere kart og verktøy som kan brukast som grunnlag for avgjerder om berekraftig arealbruk lokalt og regionalt
Gje politisk relevante råd til nasjonale myndigheiter